Eg er buande i Milano fram til sommaren, og på oppfordring frå Marius var eg i dag på skattejakt. Fortsatt er eg er usikker på kor nøgd eg er med oppdagingane, men det kan kanskje bli interessant etter kvart :)
Eg fann 4 butikkar på nettet. Dei låg relativt teitt, to og to, så eg bestemte meg for å ta ein visitt hjå dei to som er nærast der eg bur. Den første eksisterte tydelegvis ikkje.. Då eg kom fram til den oppgitte adressa var det kun ei boligblokk der. Trist og oppgitt bestemte eg meg for å gå vidare til neste, og blei noko oppløfta når det viste seg å faktisk vera ein eksisterande butikk.
Kundebehandlinga var som ho elles er i Milano. Det som møter deg er halvgretne, middelaldrande menn, som ikkje verkar å ha veldig lyst til å selja deg noko som helst. Eg forklarte at eg var interessert i norsk klassisk og førstedagsbrev, men det var ikkje så lett å få sjå kva han hadde å by på. Praksis var at han gav meg ein katalog der eg måtte peika på kva eg ville ha, for så å henta albumet og finna eit par eksemplar som han kunne selja meg. Merkene var generelt sett sterkt overprisa og dermed lite interessante. Likevel var det eit par moment som opna for "kupp" her.
1. Katalogen hadde ingen skilje på plater og nyansar.
2. Han hadde veldig mange merker, med tydelege nyanseskilnader.
Viss han berre vil la meg sjå i albumet, kan eg altså plukka fritt av dei "dyre" typane og nyansane som måtte vera der. Eg såg m.a. at han hadde eit greit eksemplar av NK13a (veldig tydeleg raudnyanse). Det hadde katalogpris €105, medan han ville ha €80 (
komplett prisliste). Dette er fortsatt eit godt stykke over kva eg vil kalla eit kupp, så eg kjøpte det ikkje.
Planen min er altså å studera ein del bilder av N13a, 15a, 17, 19, 24, 29a, 35, 36, 40 og 42. Her er det ein del dyrare platetypar og fargenyansar, og eg blir ikkje overraska om han har noko av det. Viss han vil sleppa meg til i albumet gjenstår det berre å sjå kor bra eg er å pruta :)
Vidare viste han meg nokre førstedagsbrev og gamle postkort. Førstedagsbreva var alle veldig lite interessante (70-/80-tal). Når det gjeld postkorta er eg rett og slett usikker på kva som skal vurderast. Dei fleste var frå Oslo og Bergen, og dei var generelt høgt prisa (30-50€).
Du må være med i Frank E Ring for å skrive kommentarer! Du er velkommen til å klikke BLI MED i øvre høyre hjørne av nettsiden. Og det er GRATIS, så klart.
Join Frank E Ring